Orgelfyrverkeri i romjula

[Bilde]

Organist Jarle Fagerheim inviterer til å tjuvstarta nyårsfeiringa i Markus kyrkje på St. Hanshaugen. Om noko instrument fortener tittelen «musikalsk kruttønne», må det vera orgelet, så eit fyrverkeri er på sin plass!

[Bilde]

Som i fjor vert det videooverføring frå orgelgalleriet til storskjerm nede i kyrkja. På programmet står forutan dei kraftigaste sprengladningane fleire kjende melodiar som sjeldan er å høyra som orgelmusikk.

Etter konserten vert det kaffi, te og julekaker, og høve til å gje utgangspengar.

Markus kyrkje er den bortgøymde juvelen på St. Hanshaugen, med inngang frå Ullevålsvegen 41 (rett ved St. Hanshaugen busstopp) og Svendsens gate 15.

Foto: Markus kyrkjelyd resp. Harald Opheim

Legg til ekstern kalender…