Saladindagene 7. til 10. mars

I 1187 erobra hærføraren Saladin den heilage byen Jerusalem. Det var ei tid og ein stad som var van med krig. Men etter sigeren over Rikard Løvehjarte gjorde Saladin noko som ikkje var vanleg, verken den gongen eller no: Han avstod frå hemn. Saladin lét dei kristne leiarane forlate Jerusalem og opna byen for alle dei tre religionane som held han heilag. Saladin freista å gjere slutt på krigen gjennom forlik og forsoning, og ikkje berre med våpenmakt.

Det er dette, og ikkje dei mange slaga, som gjer at Litteraturhuet har stifta dei internasjonale Saladindagane. Bakom krosstoga og «den evige krig» finn me ei historie verd å fortelje åtte hundre år seinare. Ei forteljing som gjev oss sjansen til å bryte med førestellinga om at situasjonen i Midtausten og verda i dag er eit resultat av ein femten hundre år lang kulturkamp. Og som gjev oss høve til å ta djupare dykk inn i ei tid då det slett ikkje var Europa som var berar av dei verdiane me i dag held for europeiske.

I 2011 arrangerer me Saladin-dagar for tredje år på rad. Denne gongen inviterer me palestinske og israelske historikarar til eit seminar om ein av vår tids store konfliktar. Korleis skal me forstå hendingane rundt opprettinga av staten Israel i 1948, og kan ei sams oppfatning av historia leggja grunnlaget for ei framtidig forsoning mellom Israel og palestinarane?

Dessutan kjem religiøse leiarar frå islam, kristendomen og jødedomen for å diskutera om korleis, og om, tru kan vere ein reiskap på vegen mot forsoning. Og med Elias Khoury i spissen kjem òg ei rekkje israelske og palestinske forfattarar.

Saladindagane vart haldne fyrste gong i 2009, etter ein idé frå den norske forfattaren Thorvald Steen. Dei er støtta av Utanriksdepartementet. I 2011 blir det òg for fyrste gong halde Saladin-dagar i Stockholm og i Istanbul, inspirerte av markeringa i Oslo.

Fullt program for dagane vert gjort kjent seinare. Les meir på www.litteraturhuset.no/saladin

Legg til ekstern kalender…