Boklansering av Skrift og strid - Essay om Henrik Rytter

[Bilde]

Vidarforlaget ynskjer velkomen til boklansering:

Tid: tysdag 18. januar, kl. 18:00

Stad: Vidarforlaget/Bokvennen Forlag,
Universitetsgt. 14, tredje etasje, Oslo

Program:

– Velkomstord ved Sindre Hovdenakk og Leif Høghaug – Høgtidleg opning av Rytter-salen – Foredrag ved Heming Gujord: «Rytterstatue for ein ordkrigar» – Øl, vin og konversasjon i Rytter-salen
Skrift og strid er ei bok om diktaren, omsetjaren og essayisten Henrik Rytter (1877–1950). I si tid var han rekna som ein av dei største diktarane i Noreg, og mange meinte han var den største. Ifølgje Ragnvald Skrede var Rytter Arne Garborgs arvtakar – og slik sett målrørslas viktigaste litterat i 20-, 30- og 40-åra. I 1929 skreiv Olav H. Hauge: «[Rytter] er på mange måtar eit fenomen. For det fyrste hev han no skapt seg eit diktarspråk som vore Shakespeare eller Homer verdig.»

Boka inneheld essay om Rytters mest omfattande omsetjingar: Dantes Den guddomlege komedien, Boccaccios Decameronen, Beowulf, 23 av Shakespeares skodespel og nynorsk-omsetjinga av Henrik Ibsens Peer Gynt. I tillegg inneheld boka biografiske essay om målmannen og det politiske stridsmennesket Henrik Rytter. Her er òg Rytters ti beste dikt, attåt innleiinga han skreiv til Shakespeare-omsetjingane, ei novelle frå Decameronen, utdrag frå Peer Gynt og Den guddomlege komedien. Og som ein historisk og politisk kuriositet: valmanifestet Rytter like etter den andre verdskrigen skreiv for Noregs Kommunistiske Parti.

Forfattarane: Johannes Gjerdåker, Kristin Gjerpe, Heming Gujord, Paal- Helge Haugen, Per Hovdenakk, Sindre Hovdenakk, Leif Høghaug, Klaus Johan Myrvoll, Arthur O. Sandved, Ronny Spaans og Aasne Vikøy.

Legg til ekstern kalender…