PrøveRommet - all you need is love?

[Bilde]

PrøveRommet hyllar kjærleiken på Kafe Knøderen og du er invitert som valentinsdate! All you need is: Building Instruments (Øyvind Hegg Lunde, Mari Kvien Brunvoll, Åsmund Weltzien), Marilyn Monroe-dans ved Kristine Nilsen Oma, to unge tekstforfattarar frå Skrivekunstakademiet som vrir ord ut av hjarta sine (Skajalg Wie Skare og Kenneth Moe) , ein film av Linda Rogn, samt foto av Julia Fjelddalen. Og om romantikken skulle bli for kvalmande har me heldigvis nokre dystre viser om korleis djevelen drikk kaffien sin ved Kabaret Makaber. All you need is love!

Legg til ekstern kalender…
#dans, #tekst, #musikk, #film, #dj