Studentersamfunnet: Nok til smør på brødskiva?

Har du lagt merke til at kaffien din vart dyrare i februar? Frå kjøt i Kina til mais i Kenya – matvareprisane stiger over heile verda, klatreturen kjem trulig til å fortsette.

Dei globale matprisane nådde nye rekordhøgder i januar. Prisen for kveite, korn, sukker, kjøt og andre basisvarer er no på sitt høgste sidan 1990, ifølge FAO (FN sin mat- og landbruksorganisasjon).

Dette har konsekvensar langt utover det reint økonomiske. Stigande matprisar har blitt sett som drivkraft bak dei pågåande opprøra i Nord-Afrika og Midtausten. I India har store mengder regn i innhaustingssesongen ført til øydelagte avlingar og påfølgande matmangel. I Bolivia blir sukker no rasjonert, medan USA har opplevd ei så stor auke i kjøtprisane at mange restaurantar har måtte sett opp sine prisar.

Vi ønskjer å kome til bunns i denne matpriskrisa. Kva gjer at prisane stig, og kvifor stig dei så mykje akkurat no? Kva er konsekvensane av prisfesten, og kven sit att med den største rekninga?

Ta med den globalt påverka frukosten din til Studentsenteret denne morgonen, du også!

Innledere:

Erling Vårdal, Professor ved Institutt for økonomi, UiB

Lars Peter Taule, Organisasjonssjef, Hordaland Bondelag


Illustrasjonsfoto: www.flickr.com/photos/dvids/

Legg til ekstern kalender…