PrøveRommet - og Immaturus presenterer scenekunst!

[Bilde]

28. mars vert Prøverommet arrangert på Kvarteret i samarbeid med Studentteateret Immaturus. Kvelden vier me til noko av det spanande som rører seg i teaterbergens unge underskog. Mellom anna kan du oppleva Benedicte Clementsen, kunstnar og medarrangør av performancefestivalen Never or Now, som skal visa ein performance. Kunstgruppa Livestock følgjer opp med teaterproduksjonen “Et oljeeventyr”. Kvelden byr og på dans ved Ingrid Sørensen, student ved Bårdarakademiet i Bergen, og dans ved immaturusar Line Malvik. Me får og eit utdrag frå Immaturus si nyaste storsatsning “Historien om Roar og June”. Det vert film ved Olaug Spissøy Kyvik, samt ein debutinstallasjon ved Miriam Nordvik. Den britiske kunstnaren Johnny Herbert, som for tida er artist in residence på USF, bidreg med eit lydprosjekt. Mulig me får eit bidrag frå Skrivegruppa til Immaturus og. DJ Unge Helgesen spelar deilege beats heile kvelden. All you need is ope rom!

Legg til ekstern kalender…