1982 - plateslipp!

Folkemusikk filtrert gjennom moderne improvisasjon.

1982 spelar moderne improvisert kammermusikk. Trioen har spela saman sidan 2007 og platedebuterte på NORCD i 2009. Plata var den første til å bli utgitt på vinyl i NORCD si 20-årige historie! Ein ung og to litt eldre herrer filterer folkemusikk gjennom moderne improvisasjon denne kvelden på Victoria.

Denne konserten markerer slepp av det nye albumet “Pintura” på plateselskapet Hubro. Trioen har hausta enormt gode kritikkar for den stemningsfulle og sjangerlause musikken sin, og var seinast nevnt som ein av dei beste konsertane i 2010 av AllAboutJazz.

Som bandet sjølv seier: Fri improvisasjon er ein metode – ikkje ein sjanger!

Nils Økland – hardingfele og viola d’amore

Sigbjørn Apeland – trøorgel

Øyvind Skarbø – trommer

1982 på nett

Legg til ekstern kalender…