Frå leik til kunst – eit seminar om barneteater

Det blir gratis kurs om barneteater under Norsk amatørteaterfestival 2011. Kurset tar opp kva som skal til for å løfte den kunstnarlege kvaliteten på barneteaterframsyningar, korleis ein kan sikre barns medverknad og korleis barnas leik kan tas i bruk i arbeidet.

Det blir paneldebatt, gruppediskusjonar og samtale med barn frå Nordic Black Theatre. Målgruppa for seminaret er barneteaterinstruktørar, pedagogar, lærarar, og andre som jobbar med teater for og med barn.

Seminaret blir arrangert fredag 27. mai frå 13.30 til 16.00 i Teatersalen til BUL Oslo, Rosenkrantz gate 8.

Legg til ekstern kalender…