Adam Hiorths veg. Snikkikk med Brit Bildøen

Den kjende miljøvernaren Jon Utskott legg ut på sin årlege sykkeltur frå aust til vest og tek svært motvillig med seg den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth. Som vår tids Don Quijote og Sancho Panza legg dei ut i teneste for det gode, men hamnar fort i eit blodig torgslag. Dei badar i ein forheksa sjø og drikk med Døden og hans muntre følgje, og allslags folk kjem til dei med sine historier. Den unge Hiorth har mykje å lære av sin eldre turkamerat, ikkje minst på damefronten. Jon Utskott på si side har begynt å vakle: Han grunar på kva det er han har fått utretta gjennom sin livslange kamp for miljøet.

Brit Bildøen har gitt ut både barnebøker, lyrikk, gjendiktingar og romanar, mellom anna dei kritikarroste Tvillingfeber (1998), Landfastlykke (2001) og Mitt milde vesen (2006). Ho har også markert seg som ein engasjert og personleg essayist med boka Litterær salong (2009).

Legg til ekstern kalender…