Made in Korea. Kva kan ein adoptere?

Kor viktig er det å vite kven som er dei biologiske foreldra dine, når du skal finne ut kven du sjølv er? I 70- og 80-åra kom mange tusen koreanskfødde barn til Skandinavia. Då flya dei var om bord i, landa på nordisk jord, fekk dei nye fødselsattestar, nye foreldre, namn og morsmål.

Brynjulf Jung Tjønn kom til Noreg, Maja Lee Langvad til Danmark. Tjønn har no skrive romanen Kinamann om koreanskfødde Gjermund som veks opp som odelsgut på ein vakker gard i Sogn. Langvad gav i fjor ut den kritikarroste diktsamlinga Find Holger Danske. Her går ho den danske versjonen av Ola Nordmann etter i saumane, medan ho samstundes leitar etter seg sjølv. Både Tjønn og Langvad gir stemme til ein lengt etter å finne ut meir, både om dei biologiske foreldra sine og om landet dei opphavleg kom frå. Ein lengt etter å vite meir om kven dei er. Men kan ein gå til biologien for å finne ut det?

Cathrine Sandnes er redaktør i Samtiden. På Litteraturhuset vil ho snakke med Tjønn og Langvad om kva ein er fødd som, og kva ein blir, og kor mykje av ein identitet som kan bli adoptert.

Legg til ekstern kalender…