Oslo Målbar: «Oslo i nynorsklitteraturen: Sidrumpa austlandsbygd eller (mål)politisk Sodoma» ved Jens Kihl

Endeleg har Oslo Mållag gleda av å invitera til sesongens fyrste Målbar. Jens Kihl har sett på og gjort seg nokre tankar om korleis Oslo blir beskrive i nynorsklitteraturen, og 6. oktober kjem han til Colletts café på St. Hanshaugen for å prata om det.

MÅLBAR: Endeleg er me i gang med haustens fyrste MålBar (nyleg omdøypt frå Nynorsk Bar). Fyrst ut er Jens Kihl, som skal prata om Oslo i nynorsklitteraturen.

JENS KIHL kjem frå Oslo og er masterstudent i sosiologi ved UiO. Han har lang fartstid i målrørsla og er for tida styremedlem i Noregs Mållag, prosjektleiar for Språkåret 2013 og leiar i Sagene SV.

OSLO MÅLLAG er eit lokallag i Noregs Mållag med over 300 medlemer som driv mange former for målarbeid i hovudstaden.

Kom ein, kom alle (det blir kjekt, uansett)!

Legg til ekstern kalender…