Kaizers karakterar. Geir Zahl, Janove Ottesen og Tore Renberg

Mafiabossen Mr. Kaizer oppfordrar alle som vil høyre, til at dei bør ta kontroll på kontinentet, Marcello Conradas slepp så vidt unna flaumen i Transylvania, og verdas tyngste siamesar, Bastard, har kome til det siste av sine ni liv. Kaizers Orchestra har reist Noreg og Europa rundt med sitt litterære og musikalske univers fylt av skrudde karakterar, himmel, helvete, gassmasker og salmesyklar. Dei har fått gud og kvarmann til å lyfte armane og syngje med på «Ompa til du dør» og «Hjerteknuser» medan dei sjølve går laus på bilfelgar og oljefat.

Janove Ottesen og Geir Zahl er mennene bak dette merkelege universet. På Litteraturhuset blir dei intervjua av forfattar og fan Tore Renberg. Dei tre er gamle kjende og har nyleg skrive den burleske musikalen Sonny saman, ein musikal som har premiere på Rogaland Teater i november.

Dette er fyrste gong Ottesen og Zahl snakkar utelukkande om Kaizers litterære univers, og Renberg har mykje han ønskjer å spørje om. Korleis har dei kome på alt saman, til dømes, korleis ser arbeidsprosessen ut? Og kva meiner dei eigentleg med å seie slikt som «Sving din hammer til din papa drar deg inn Maestro»? Det får ein vite meir om på Litteraturhuset denne kvelden.

Legg til ekstern kalender…