Pønk og prosa. Bengt Ohlsson, Mette Karlsvik og Nikolaj Frobenius

John Cummings brukte tjue år av livet på turné med det legendariske pønkbandet The Ramones. Meir enn to tusen konsertar og musikkverda var endra for alltid.

Midt i Ramones’ mest travle år stod det islandske bandet The Sugarcubes på scena for fyrste gong med sin psykedeliske post-pønk og Björk Guðmundsdóttir på vokal. To pønkete musikarar. No har dei blitt hovudperson i kvar sin roman.

Mette Karlsvik har skrive boka Bli Björk. Her følgjer vi faren til Björk frå han er ung. Björk blir etter kvart fødd, veks opp og blir verdas mest kjende islending. Men i romanen handlar det om Island og bakgrunnen for at Björks musikk har blitt som han har blitt. Vulkanar. Teknologi og politikk. Byrjinga.

I Rekviem för John Cummings av svenske Bengt Ohlsson er det derimot slutten vi kan lese om. Slutten av livet og slutten av karrieren til gitaristen med kunstnarnamnet Johnny Ramone. Om kreften og døden og skandalane, og alle minna som er att når alt nesten er over.

Karlsvik og Ohlsson har begge vekt stor begeistring med sine romanar, men dei har òg fått spørsmål om etikken i prosjekta. I kveld møtest dei for å snakke med forfattar og pønkentusiast Nikolaj Frobenius om å skrive fiksjon om verkelege menneske, om pønken, om byrjinga og slutten, og alt imellom.

Vinn dagspass til Björkdagen på Øyafestivalen! Billett gjelder som lodd og vinneren trekkes på arrangementet.

Legg til ekstern kalender…