Sigrid og Hulda: Med Sigrun Slapgard og Arnhild Skre

Hulda Garborg blei fødd i 1862, Sigrid Undset tjue år seinare. To forfattarar og samfunnsdebatantar med viktige posisjonar i si samtid.

Hulda Garborg kjenner me i dag kanskje best som bunadsforkjempar og Arne Garborgs kone. I si samtid var ho òg ein populær dramatikar og journalist, i tillegg til at ho var ei tydeleg stemme i eit Norge i endring og uttalte seg uredd om mellom anna kvinne- og mannsrolla, familien og kva veg ein skulle gå med det nye sjølvstendige landet.

Sigrid Undset er ein forfattar av verdsformat. I tillegg hadde også ho sterke meiningar som ho ikkje la skjul på, og engasjementet hennar mot Hitler-Tyskland gjorde at ho måtte flykte til USA med ein gong den andre verdskrigen braut ut.

Tjue år skilde Garborg og Undset. Likevel høyrde dei to til same nettverk av skrivande kvinner og møtte kvarandre gjennom fleire år. No er det dei to som har skrive biografiane om Hulda Garborg og Sigrid Undset som skal møtast. Historikar og journalist Arnhild Skre har skrive om Garborg, medan journalist og forfattar Sigrun Slapgard har teke for seg det livet Undset levde. No kjem dei til Litteraturhuset for å snakke med Ivo de Figueiredo om to bemerkelsesverdige kvinner med bemerkelsesverdige liv.

Legg til ekstern kalender…