Sessions nr. 9

Mari Kvien Brunvoll (vokal) og Espen Sommer Eide (div instrument) i samarbeid med Stephan Meidell (gitar) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer) frå The Sweetest Thrill.

Sessions er eit konsept der Stephan og Øyvind inviterer musikarar og kunstnarar til ein open jam/improvisasjon med publikum. Gjestene er gjerne frå ulike kunstneriske miljø, der ein ynskjer å tydleggjere for kvarandre og publikum at det skjer utruleg mykje spennande i Bergen by. I nokon tilfeller har konstellasjonen øvd på førehand, medan i andre tilfeller vil fyrste møte vere på scena.

Mari Kvien Brunvoll er mest kjent for sitt fantastiske soloprosjekt som har hausta strålande kritikkar gjennom konsertar på blant anna Nattjazz, Moldejazz og ei rekke andre jazzklubbar rundt om i Europa. I tillegg spelar ho blant anna med Stein og Mari, Building Instrument og Tim Tygg. Mari vart i 2011 valgt ut som norsk jazz sin internasjonale satsing, gjennom Norwegian Jazz Launch.
Espen Sommer Eide er også mest kjent frå sitt solo prosjekt Phonophani, i tillegg til spelemannsvinnarane Alog. Han er ein virkelig internasjonal størrelse å rekna innanfor lydkunst, og har blant anna designa ein rekke nyskapande instrument. Espen har i tillegg vore ein av dei viktigaste musikalske bidragsytarane på det kredible labelet Rune Grammofon dei siste ti åra.

Sessions nr. 9 presenterer med stoltheit to fantastiske musikarar til ein leikfull improvisasjon!

Konsertstart: Kl. 21.00

For meir info:

​www.thesweetestthrill.blog…

Sessions er støtta av Norsk Jazzforum, Norsk Kulturråd og Bergen Kommune

Legg til ekstern kalender…