På|tår måndag 20. februar med Anne Stärk-Johansen: Korleis er det å vere kvinneleg leiar i Noreg i dag?

Måndag 20. februar tek SAHO opp arva etter Synne og Jørn Are, og inviterer til på|tår i kantina. Denne gongen er det Anne Stärk-Johansen som kjem for å halde innlegg. AHO har ei jevn fordeling av kvinnelege og mannlege studentar med like privilegier, men korleis er det eigentleg å vere kvinneleg leiar i Noregs næringsliv i dag?

Anne Stärk-Johansen kjem til oss for å fortelje om korleis det er å vere kvinne og leiar på høgt nivå i næringslivet i Noreg. Ho har hatt fleire ulike leiarstillingar i over 15 år, og starta si karriere innen skipsfinansiering der ho var einaste kvinne i leiargruppa i fleire år. Siden 2006 har Stärk-Johansen vore tilsett i Nordea som både regionbankdirektør og konserndirektør. Ho er no leiar for «Segment Corporate Norge» i Nordea.

Stärk-Johansen er utdanna Siviløkonom ved Noregs Handelshøgskule, og har delteke på NHO sitt mentorprogram. I tillegg har ho hatt ei rekke styreverv og er no styremedlem i Ungt Entreprenørskap som samarbeidar med skuleverket, næringslivet og andre aktørar for å stimulere til skaparglede og kreativitet blant unge.

Studentutvalet ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo arrangerar første måndag i månaden ei forelesingsrekke der vi inviterar ulike aktørar/fagpersonar til å forelese om ulike tema. Påtår tek sikte på å invitere personar som kan belyse interessante tema som vi vanlegvis ikkje er innom i dei faste forelesingane om arkitektur og design. Forelesingane skal bidra til å gi studentar og tilsette fleirfagleg kunnskap og inspirasjon.

Legg til ekstern kalender…