På|tår måndag 19. mars kl 1200 med Pål Prestrud. Kva har klimaet i vente for oss?

[Bilde]

Måndag 19. mars ynskjer SAHO velkomen til på|tår i AHO kantina. Me har invitert ein av verdas mest framifrå klimaforskarar; Pål Prestrud, til AHO for å fortelje om dei store klimaendringane i verda, kvifor det det er viktig og korleis dei påverkar oss.

Nordområda spelar ei sentral rolle i klimautviklinga, der polarområda er spesielt trua. Kva som skjer i nord påverkar heile kloden. Kom for å lære meir om kva klimaet har på lur for oss!

Pål Prestrud er biolog og klimaforskar. Han er direktør for den norske stiftinga CICERO; Senter for klimaforskning og kjend for sin framferd i norske massemedier i spørsmål om klimaendringar og den globale oppvarminga (wikipedia).

Møt opp for litt på|tår måndag 19. mars kl 1200, i AHO kantina.
Påtår kjem også i form av kaffi. Ta med kopp!

Helsing Studentutvalget ved AHO

Legg til ekstern kalender…