Ein bølle bankar på. Jennifer Egan i samtale med Linn Ullmann

Den amerikanske romanforfattaren Jennifer Egan har klart det dei fleste romanforfattarar drøymer om. Ho blir omfamna av både publikum og kritikarar, og den siste romanen hennar, A Visit From the Goon Squad, har blitt både bestseljar og kritikaryndling og har mellom anna vunne Pulitzer-prisen og National Book Critics Circle Award.

Romanen, som kjem ut på norsk i vår med tittelen Bølle på døra, ser på mange måtar ut som ei novellesamling. Sidefigurar frå eitt kapittel dukkar opp som hovudperson i det neste, og det er ei uroleg rørsle i både tid og rom. Fram og tilbake i raske kast mellom New York, San Francisco, Napoli og Afrika, og hendingane som blir skildra, går føre seg i eit tidsspenn på nærare førti år.

«Tiden er en bølle, ikke sant?» seier punkaren Busco. Ein gong flaug han nesten vektlaus gjennom lufta og blei fanga av fansen. No har han fått kreft, et antidepressiva og altfor mykje is rett frå boksen. Var alt betre før? På Litteraturhuset snakkar Jennifer Egan med Linn Ullmann om tida som ikkje lèt seg stoppe, og om punkarar som ikkje er som dei var.

Legg til ekstern kalender…