Den siste romantikar. Carl-Johan Vallgren i samtale med Aslak Sira Myhre

Jag har sagt det förut, och säger det gärna igen: Carl-Johan Vallgren har så mycket talang att man får lust att slå honom på truten. – Musikkjournalist Lennart Persson

Den svenske forfattaren og musikaren Carl-Johan Vallgren fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2002 med romanen Den vidunderlige kjærlighetens historie, som har vorte omsett til 25 språk og som han òg fikk Augustprisen for i heimlandet. Historia om den dauvstumme, telepatiske dvergen Hercule og hans kjære Henriette, begge fødde same natt på same bordell, vart ein stor publikumssuksess. Også dei seinare romanane hans, Dokumenter vedrørende spilleren Rubashov og För herr Bachmanns broschyr, har fått mykje merksemd.

No har Vallgren skrive romanen Havmannen, også den med fantastiske element, sterke kjensler og ei handling lagd til skuggane. Syskenparet Nella og Robert har ei mor som berre er vaken når ho er full, og skulen er full av mobbarar som stadig slår brillene av Robert. Carl-Johan Vallgren har sjølv omtala seg som den siste romantikaren. No kjem han til Litteraturhuset for å snakke med Aslak Sira Myhre om plastra briller, syskenkjærleik som held, og ein havmann i nauda.

Legg til ekstern kalender…