Liv på lørdag. Om prinsesser og drakar

I dag handlar Liv på lørdag om dei andre prinsessene. Dei som ikkje greier å sitje stille og vente på ein prins, men som heller hamlar opp med drakar på eiga hand medan kongar og dronningar blir ståande og sjå på. Og som er ekte prinsesser likevel. Liv og Wilhelm syng ekte prinsessesongar på Liv på lørdag denne gongen. Og så les dei ei ekte prinsessehistorie frå boka Prinsesser og drakar som er laga av Christina Björk og Eva Eriksson. Passar best for born mellom to og fire år.

Legg til ekstern kalender…