Pessoa på Tronsmo

Flamme forlag presenterer:

[Bilde]

Fernando Pessoa:

Alberto Caeiros poesi

Gjendikta av Øystein vidnes

260 sider

Opplesing ved Øystein Vidnes og panelsamtale om Fernando Pessoas mange identitetar, med Bård Kranstad, Øystein Vidnes og Fredrik Wandrup

Kl 17.30 på Tronsmo bokhandel
[Tidspunktet er flytta til ein halvtime seinare]


Minst fire av dei største portugisiske forfatterskapene i moderne tid er skrivne av ein og samme mann: Fernando Pessoa (1888-1935). Eit av hovudverka, Alberto Caeiros poesi, kjem no ut i ein komplett utgave på Flamme Forlag, i gjendikting ved Øystein Vidnes.

Naturpoeten og sauegjetaren Alberto Caeiro var læremeisteren til alle dei andre forfattarane som Fernando Pessoa (1888–1935) dikta opp. Dei opne og prosaiske dikta til Caeiro utgjer eit eige univers, prega av det enkle livet på landet og fornekting av dei store spørsmåla. Desse erstattar han med ein filosofi som handlar om å sjå, å ta inn verda gjennom auga, utan å filtrere inntrykka gjennom ein innlært fornuft.

«Med ein slik mangel på litteratur som finst i dag, kva anna kan eit stort talent gjere enn å omdanne seg, heilt åleine, til ein litteratur?»
– Fernando Pessoa

«Å vere poet er ikkje eit mål for meg.
Det er min måte å vere åleine på.»
– Alberto Caeiro

Legg til ekstern kalender…