FRIKAR DANCE COMPANY «8»

Fire kinesiske kung fu-munkar og fire norske hallingdansarar møtest, utan tolk.
I danseforestillinga ”8” ser vi det spektakulære resultatet.

Det personlege og ikkje-verbale språket som oppstår når dei to kulturane møtest er hovudmaterialet i forestillinga. Kroppskommunikasjonen som oppstår i utfordrande situasjonar er koreografen sitt viktigaste spelerom i denne reality-forestillinga. Pinlege situasjonar, rørande medmenneskelighet og barnleg leik vert kombinert med stor bevegelseskunst frå to sterke tradisjonar.

Koreograf og regjerande noregsmeister i folkedans, Hallgrim Hansegård, har villa undersøke kva mulighetar som ligg i utelukkande fysisk kommunikasjon, og korleis tradisjonsutøvarar kan kommunisere med samtida utan å gå på kompromiss med tradisjonen. Gjennom å leve fire månader med taoistdisiplane i Drageteplet i Wudang-fjella, har Hansegård også oppsøkt opphavet til tai chi og dei indre kungfustilane. I Dragetemplet dyrkar munkane 750 år gamle løyndomar, som har inspirert ei heil kampsportverd. Publikum vil møte åtte individ og åtte ulike måtar å forstå livet og tradisjonen på, til levande musikk frå fiolin, bratsj, cello og slagverk av komponisten Marcus Paus.

Frikar er eit utforskande dansekompani, som bygger arbeidet sitt på tradisjonell bevegelseskunst, særleg den norske lausdansen. Dei har vekt internasjonal merksemd og har turnert i heile 27 land! Frikar er kjenneteikna av fysisk virtuositet blanda med stor musikalitet og ein fri omgang med så vel moderne som tradisjonelle uttrykksformer. Viljen til dialog over grenser er eit anna kjenneteikn, som har resultert i eit stort, internasjonalt nettverk av kunstnarlege samarbeidspartnarar. Hallgrim Hansegård grunnla kompaniet i 2006, og har sidan motteke ei rekke prisar og lovord i pressa verda over for arbeidet sitt.

Medskapande bevegelseskunstnarar: Ådne R.G. Kolbjørnshus, Anders Aasberg, Vetle Springard, Hallgrim Hansegård, Yuan Shen Fen, Chen Jie, Min Ting He, Zoem Bi.
Koreografi, regi, scenografi og kostyme: Hallgrim Hansegård
Musikk av: Marcus Paus
Musikere: Eirik Raude – slagverk, Magnhild Torvanger – fiolin, Ingvild Sandnes – cello,Bendik Foss – bratsj
Foto: Emile Holba

[Bilde]

[Bilde]

Legg til ekstern kalender…