Grisen står og hyler. Odd Norstoga og Ragnar Hovland

Odd Norstoga og Ragnar Hovland

«Grisen står og hyler, i den stille kveld. Han skal ikkje slaktast, men hyler likevel.» Kven hugsar ikkje desse linjene, frå Odd Nordstogas store hit for nokre år sidan? Teksten kjem frå eit dikt skrive av forfattaren Ragnar Hovland, med tittel «Kveldsong for deg og meg». Nordstoga og Hovland samarbeidde også på plata Pilegrim, der Nordstoga tonesette tekstar frå kapitlet «Dr. Munks andre reviderte songbook», i boka Åleine i Alpane.

No kjem dei begge til Litteraturhuset saman med journalist og forfattar Finn Tokvam for å samtale om musikktekstar, skriveprosessen og spenningsforholdet mellom litteratur og musikk. Kvelden vil også by på lyriske og musikalske framføringar.

Legg til ekstern kalender…