TUR TIL OSLO: Lansering av Hilde Myklebust og Katinka My Jones' Du skal dele namn med ein sjeldan fugl

TUR Forlag inviterer til lansering av Du skal dele namn med ein sjeldan fugl, andre bok i kollektivtekstserien SKANDO. Samlinga er eit djupdykk i ei tapserfaring, ein vekselsong der to røyster bevegar seg mellom det mjuke og det harde i mennesket og naturen omkring det.

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005, og har sidan gitt ut ei diktsamling, ein roman og ei barnebok. Katinka My Jones (f. 1983) er frå København. Ho debuterte i 2007 med diktsamlinga Havet er sort, kysten er hvid, og diktsamlinga Sølv kom i 2009.

Lanseringa finn stad på Torpedo bokhandel, Trelastgata 3.

Velkomen!

www.torpedobok.no
www.turforlag.no/myklebust-my-jones

Legg til ekstern kalender…