Vakt deg for sjiraffen

Teatergruppa Buleskit set opp ein omsett og tilpassa versjon av “Auf der Greifswalder Straße” av Roland Schimmelpfennig som utspelar seg i Greifwaldergate i Berlin. Roland Schimmelpfennig er Tysklands mest spelte samtidsdramatikar. Akkurat som i filmen “Short cuts” av Robert Altman handlar stykket om ulike menneske i ulike stadium i livet, og på ein eller annan måte er alle menneska tilkobla kvarandre utan at dei sjølve nødvendigvis veit om det. Handlinga er klipt opp til enkeltepisodar i ulikt tidsperspektiv som knytast sammen av ei fortellarstemme. Den hoppar i tid og stad, men går likevel føre seg i løpet av eit døgn. Dialogen er delvis absurd og ber preg av svart humor.

Legg til ekstern kalender…