Bygdalarm pres. TOTALHELG m Grendapub, Basar og Striks Stil!

[Bilde]

Bygdalarm held gode tradisjonar i hevd, og skipar til BASAR i Skostredet. Årets lokasjon er sjølve smørauga av dei urbane aksane i Bergen med eit yrande marknadsliv. I år som i fjor kan du kjøpa årer, knuga dei i neven, kjenna spaninga bygga seg opp og vinna gjeve vinstar frå bygdeNoreg. På kveldstid held me fram med førfest og fenalår til folket på Victoria Pub!

… Grendapub Fredag – NOBEL BOPEL: 20.00
Nyt denne kvelden på lokal bar og sug i deg god fjordstemning – kortreist frå Hardangerfjorden til Puddefjorden. Møhlenpris venaste stove fyrer igang grendapub med quiz og leskande fjordmeny i baren.

… BASAR Laurdag: 11.30
Vinstane inneber: dagspass tjukkelabbar strikka av Edith og Per, fenalår, lefser, festival t-skjorte designa av Higren, plater med årets artistar, klokkestrengar og sjølvsagt hovudvinsten: EI FRUKTKORG!! Det vert tre rundar med trekkjing: 12.00, 13.00 og 14.00. Overskotet går til barneavdelinga på Haukeland Sjukehus.

… FØRFEST og FENALÅR TIL FOLKET!
Me sparkar i gang Bygdalarm på Victoria Pub frå kl 20.00. Kokken har vore i bakgården og grilla opp ein drug middag, som du kan tyggja i deg for nokre skarve slantar. Me fylgjer opp med signaturen til Bygdalarm; fenalår og jordbær til folket samt deileg musikk!

+Supernova – Chinastyle med DJ Peewee+

Ding Ding Ding !! you got mail from Beijing!
Peewee er attende frå felten i Kina der han har utførd akademisk studie av Kinesisk Hiphop i 7 mnd. Peewee er produsent for blant andre Verk, Action The Man, Cfau, Lars Vaular, Ralph Myerz og skal spela Funk, Disco, Boogie og ana Groovy musikk på Victoria laurdag 8.juni. Kle på deg sumarsmilet og danseskorne og hut deg til Victoria for ein glitrande fest i gode veners lag!

www.youtube.com/watch?v=2T5SAyZu6QU

verk-vrommet.bandcamp.com

www.youtube.com/watch?v=zWNjGzhT41Y

Inngang: GRATIS! Ta med vener og godt humør.

Legg til ekstern kalender…