Konsert med Avind

[Bilde]
Foto: Eirik Lande

Avind spelar indierock med tekstar på sunnmørsk. Fronta av dei to barndomsvenninnene Tonje Tafjord og Sara Dahlberg tek Avind deg med inn i ei verd der by, land, natur og relasjonar mellom menneske er akkompagnert av både støyete gitarar og fengjande riff.

På Fuglen spelar Avind eit akustisk sett med låtar. Her blir arrangementa strippa ned, og det akustiske soundet hentar inspirasjonen frå amerikanske country og folk-tradisjonar der teksten kjem i fokus.
Legg til ekstern kalender…