Det skrå blikket. Linda Eide, Linda Klakken, Tuva Syvertsen og Valkyrien Allstars

men det er ingen adgang
du kommer ikke inn
du er for streit
(Raga Rockers)

Ein ven av Linda Eide trur at ho triksa på seg lesbiskheita den sumaren ho lærde seg å fotballtrikse til 500. Seinare har ho mellom anna vore grilldress-programleiar i «Norsk attraksjon», og i fjor kom boka Oppdrag Mottro. Jakta på gamle dagar, der ho går tett på mora og hennar tid, men også på eige liv og oppvekst.

Linda Klakken har tidlegare skrive om beatpoesien i boka Den siste beatpoeten. No kjem diktsamlinga Mamma, kone, slave, som blir innleidd av streitingsitatet.

Tuva Syvertsen spelar hardingfele, fekk ein gjæv andreplass i songkonkurransen Stjernekamp i fjor haust og er rocka frontfigur i Valkyrien Allstars.

Tre damer som ser livet frå ein litt annan vinkel. Men i kor stor grad legg legning føringar på kulturkonsumet deira? Har det at dei er lesber noko å seie for Klakkens lidenskap for beatpoesi, Eides entusiasme for kunstløp eller kva tekster Syvertsen vel å jobbe med musikalsk? Dei tre snakkar med forfattar og forlagsredaktør Ragnfrid Trohaug om livet og kunsten bortanfor mainstream, men ingen er for streite til å komme inn.

Kvelden blir avrunda med ein minikonsert ved Tuva Syvertsen, Erik Sollid og Magnus Larsen frå Valkyrien Allstars.

Legg til ekstern kalender…