Sleppefest: Friedland av Jens K. Styve

[Bilde]

Styve fekk i 2007 strålande mottaking for debutboka si “Eg, Ove Kvamme”, no tek han forfattarskapet vidare i ei dramatisk og fengande historie frå Nord-Noreg. Det føregår i eit mørkt og småkorrupt bygdeunivers som er ispedd solide dosar med humor og menneskeleg varme.

[Bilde]

Om romanen Friedland (Samlaget 2013):
Odd Friedland er litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane. Han driv med healing, krekebærsaft, heimebrenning og eit utal andre prosjekt, nokre mindre lovlege enn andre. Sonen hans, Kristoffer, er skulelei, men drivande god til å røyka, drikka og spela dataspel. Han er langt mindre driftig enn faren, men har og sine lysskye aktiviteter. Det er først når Kristoffer vert innblanda i lokal narkotrafikk at Odd Friedlands allereie vaklande imperium verkeleg blir sett på prøve.
Odd Friedland er som Snåsamannen – berre utan dei gode intensjonane.

Legg til ekstern kalender…