Sola. Lørdagsforedrag ved Pål Brekke

Sola er meir enn ei roleg gul skive på himmelen. Ho er hovudstjerna i solsystemet vårt, det er henne alle dei andre planetane krinsar rundt, og som gjev lys, liv og varme.

Pål Brekke er solfysikar og har mellom anna jobba for den europeiske romorganisasjonen ESA (European Space Agency). I 2012 gav han ut boka Sola – vår livgivende stjerne, der det mellom anna står om solkjernen at han er heile 15 millionar gradar varm. Men korleis har han rekna seg fram til at det er lenge til me treng å byrje å uroe oss for kva vi skal gjere utan henne? At det er heile fem milliardar år til sola sluttar å skine?

Litteraturhuset held no fram sin laurdagsføredragsserie om universet med eit føredrag om solvindar, plussgradar og kva det er som gjer at sola blir plassert i hovudstjerneserie av klasse G.

Legg til ekstern kalender…