NM i litteratur

Kven blir noregsmeister i litteratur i 2013? For sjette gong på Litteraturhuset har du høve til å bli noregsmeister i litteratur. Ta ein pause frå kakebakst og golvvask, og tørk heller støv av gamal kunnskap. Levande og døde forfattarar, eselet frå Kardemomme by, gode sitat, sære pseudonym og nesten ukjende passasjar frå Det gamle testamentet. Set saman eit lag av vener med omtrent same ambisjonar som deg sjølv, les gamle heltar om igjen og ta med ein penn som verkar. Så er det klart for å utfordre vinnarlaget frå i fjor og gjere sitt for å få namnet sitt inngravert på den gjæve vandrepokalen. Spørjemeistrar er Tuva Ørbeck Sørheim, Anne Gaathaug og Aslak Sira Myhre.

Maks seks deltakarar per lag. Påmelding til [email protected].

Legg til ekstern kalender…