The South + Robert Moses & the Harmony Crusaders

Robert Moses & The Harmony Crusaders slepte debutplata ”Self-Developing Country” i 2013, og vart belønna med terningkast fem i Dagbladet. Plata fell elegant inn i sjangeren Henning Kvitnes kallar ”Scandicana”, ein sjanger som lenge har synt oss at nordbuarar spelar Americana minst like godt som amerikanarane sjølve. Plata er spelt inn i Kleiva Studio i Halden som vert drive av multiinstrumenatlist og strengekunstnar Freddy Holm. Saman med Ketil Kielland Lund, Espen Holtan og Glenn-Vidar Solheim utgjer Freddy det særs kompetente backingbandet The Harmony Crusaders som med steelgitar, flygelhorn, piano, banjo, mandolin, bass, trommer og ein haug andre instrument lagar eit friskt og stramt komp for Robert og duettpartner Malin.

[Bilde]

Frontfigur Robert Moses er fødd og oppvaksen i Chicago, men bur og virkar i Oslo, utan at nokon av desse heimstadane forklarer nevneverdig kvar han har den karakteristiske stemma si frå. Her finn ein element og påverknad frå den amerikanske prærien og Appalachene, cowboy og indianer, aust- og vestkyst samt gospel, blues og cabaret. Saman med Malin Pettersen (vokal) og resten av gjengen i stel han utan blygsel frå alle verdas kantar i spennet frå Hank Williams og John Lee Hooker til The Beatles, Townes Van Zandt, Neil Young og Beck, med ein personleg og frisk mix av country, blues og folk som resultat.

Robert Moses – Vokals, gitar
Freddy Holm – Dobro, mandolin, banjo, fele, gitar, lapsteel
Malin Pettersen – Vokal
Espen Holtan- Bass
Glenn-Vidar Solheim – Trommer / Perc
Ketil Kielland Lund – Keyboards, trekkspel og flygelhorn

The South

Etter seksti konsertar på 18 månader reiste The South frå Trondheim til Noregs mest forblåste studio på Giske og spelte inn si tredje plate ”The Further Inside You Go…” på fire dagar – meir eller mindre live! På toppen av det var planen og lage eit dobbeltalbum, men det vart for tøft for både plate- og distribusjonsselskap i dagens musikkverden, noko som gjer til at resten av låtane kjem som eige album alt i løpet av våren 2014. Dette vil seia at alle som kjem til Bakkjens Basar 4.april er blant dei fyrste som får høyre låtane frå oppfylgjaren og tvillingalbumet til ”The Further Inside You Go…” live!

[Bilde]

The South har opparbeidd seg eit strålande liverykte som ein av dei tøffaste i si klasse. Bandet vert samanlikna med The Tussler Society, noko som kanskje ikkje er spesielt rart i og med at Bent Sæther er produsent på to av platene deira, og er inspirert av Grateful Dead og Jonathan Wilson, med eit lydbilete som også sender tankar til Little Feat og The Allman Brothers. Frontfigur og gitarist Alexander Pettersen, som også spelar saman med sambuar Ida Jenshus, har fått med seg kremen av den nye generasjonen rootsmusikarar i bartebyen. Her finn du ”Årets unge bonde 2013” Terje Uv og Stian Lundberg frå John Doe, Sander Olsen frå Olsen Inc, Stein Spjelkavik frå kultbandet Bighton Gulch Town Orchestra og bassist Pål Brekkås som har vore komponist og produsent for m.a. Dina Misund og Marthe Valle.

Alexander Pettersen – vokal, gitar
Terje Uv – gitar, steelgitar
Stein Spjelkavik – gitar, keyboard, vokal
Sander Olsen – keyboard
Pål Brekkås – bass, vokal
Stian Lundberg – trommer, vokal

Legg til ekstern kalender…