Moddi og Rachel Sermanni (Sco) på Riksscenen

Pål Moddi Knutsen, betre kjend som Moddi kjem frå Senja i Troms, har gjeve ut fem eigne fullengdarar og tre Ep’ar sidan debuten i 2006 og har i tillegg medverka på mengder av samleplater og som gjestemusiker. Han har hausta prisar og nominasjonar i nord og sør, og vart i 2014 den fyrste i historien til å bli dobbelt spelemannsnominert for to album på eitt år ! Plata « Set the house on fire » vart nominert i klassene Årets popsolist og komponist, medan “Kæm va du?” vann prisen for Årets visealbum – den plata var også nominert til Årets komponist.

[Bilde]

Der er to år sidan Moddi spelte i Oslo og endeleg kjem han attende, denne gong til Riksscenen, Han seier sjølv at tidspunktet er “utenfor moddisesong”, sidan han er ein stad i fritt fall midt imellom nye og gamle prosjekter, men heilt utan idear og produksjon er han ikkje. I november gav Moddi ut singelen Eli Geva, om den israelske offiseren med same navn som nekta å gå inn i ein krig han ikke trudde på – ein song som blei nekta fremføring då den blei skriven i 1982. Dette har ført han vidare mot eit nytt prosjekt der han hentar opp gamle, forbodne songar og gjev dei sitt tonespråk og signatur. Det er store sjanser for at me får høyre fortsetjinga av dette arbeidet, samt at me sjølvsagt får møte att gamle favorittar frå Moddis musikalske univers. Med seg på scenen har i Moddi sitt lommeorkester, og faste fylgjesvenn, Katrine Schiøtt på cello.

Rachel Sermanni frå Skottland er kanskje eit nytt kjennskap for mange, men ho har gjort seg særs bemerka i inn- og utland sin unge alder til tross. Inspirert av artistar som Eva Cassidy, Van Morrison og Bob Dylan har ho komponert låtar sidan ho var ung jente, noko som resulterte i debutskiva hennes «Under Mountains» i 2012, utgjeven på det prestisjetunge selskapet Rough Trade Records.

[Bilde]

Rachel har spelt hundrevis av spelejobbar frå 2011 fram til i dag, og har turnert Canada, Australia, Irland og Storbrittania m.m. På denne lista finn me supportkonsertar for artistar som Elvis Costello, Fink, Rumer og Mumford & Sons, og ho toppa plakata til BBC Scotlands liveshow «Hogmanay Live» der ho delte scene med m.a. Aly Bain og Phil Cunningham.

Dette vert eit møte med to artistar som har stor respekt og beundring for kvarandre, kanskje det til og med vankar eit og anna fellesnummer ?

Dørane åpnar kl 20.00, konsertstart kl 21.00.

Legg til ekstern kalender…