Folk på Torsdag: KOLONIEN (S) OG THOMAS & GURO

Kolonien vart etablert på Zanzibar i 2010 når Anna Möller vart med i bandet, som fram til då hadde vore ein trio med brødrene Arvid og Erik Rask og Mischa Grind. Etter sin fyrste Sverigeturné i 2011 blei dei kåra til ”Årets Unga Folkmusikband” og fekk platekontrakt med Nataraj Records, noko som resulterte i debutalbumet ”Clockwise” og pris som årets nykomar på ”Folk- & Världsmusikgalan” i 2013.Kolonien etablerte seg deretter kjapt som eit av Sveriges mest bruka folkemusikkband. Musikken til Kolonien er er fengende, dansbar og dristig, og bevegar seg grenslelaust rundt i sjangeranes grenseland. Dei er høgaktuelle med den etterlengta andreplata “Drömmarnas Land” som kom ut våren 2015.

Arvid Rask – gitar, mandola,vokal
Anna Möller – fiolin, vokal
Mischa Grind – perkusjon,vokal
Erik Rask – bass gitar,vokal

Thomas og Guro har spelt saman sidan dei møttest på Ethno i Rättvik i 2011. Etter eit år på folkehøgskule saman, og mengder med spelejobbar og øving i åra som kom, vart det til slutt plateinnspeling hos Tor Magne Hallibakken på Nesbyen. Det eventyret resulterte i debutplata “Lamslått” som kom ut i september 2014, der tittelsporet er laga av Guro under lamminga på Voss, og truleg var ho Lamslått av hendingane der. Duoen har spelt konsertar i fleire land og har m.a. varma opp for Valkyrien Allstars ved fleire høve.

Thomas Eriksson – cittern
Guro Kvifte Nesheim – hardingfele/fele

Dørene åpner 19.30
Konsert 20.30
Billett 180 / 120

[Bilde]

[Bilde]

Facebook event

Riksscenen

Legg til ekstern kalender…