Richard III

- den brutale kongen

I haust går startskotet for Det Norske Teatrets mest ambisiøse Shakespeare-satsing nokon sinne. I nærare tre år framover blir Scene 2 fylt av blodige oppgjer, storslåtte maktkampar, vanvit, død og sjelesorg. Seinare vil alle dei fem såkalla historiske kongestykka til Shakespeare få premiere. Hausten 2009 vil publikum få høve til å sjå Richard II, Henrik IV, V og IV og Richard III i løpet av same veka.

Richard III er Richard IIs motstykke, Richard III, og eit av Shakespeares mest kjende og mest spelte drama. Bjørn Sundquist spelar den brutale kongen som får hundar til å gøy i avsky når han hinkar forbi.

Bakteppet for stykket er dei såkalla Rosekrigane, som gjekk føre seg i England frå 1455 til 1485. Dei to familiane York og Lancaster krigar om kven som skal ha kongemakta. Dramaet som spelar seg ut er i reine såpeoperastil, hevdar regissør Stein Winge. Richard III overgir seg til vondskapen, han vik ikkje unna noko middel og ryddar vekk all motstand for å gripe kongemakta. Når han endeleg vinn trona, blir den grusomme Richard III redd; No er det han som er målskiva for andre…
Shakespeares genistrek i dette stykket er at vi som publikum grip oss sjølve i å beundre denne blandinga av briljant renessansemenneske og avskyeleg mordar.

Pressa seier:

Grim glamour … engasjerende og underholdende – Dagbladet

Heslig sjarm – Aftenposten

Isglødende Richard III – Klassekampen

Kjølig umenneskelighet – Dagsavisen

Legg til ekstern kalender…