An-Magritt

I haust inviterer Det Norske Teatret til musikalen An-Magritt på Hovudscenen. Som suksessane Les Misérables og Spelemann på taket, tek også An-Magritt utgangspunkt i eit kjent litterært verk. An-Magritt byggjer på Falkbergets storverk Nattens brød (1940-59), og er ei handlingsmetta og dramatisk forteljing om ei ung jentes livskamp og tru på kjærleiken. Vi blir tatt med tilbake til 1600-talets gruveeventyr i Rørosdistriktet, og i sentrum står lausungen og malmkjøraren An-Magritt.

Ho forelsker seg i den tyske gruveingeniøren Johannes, og må forsvare seg mot folkesnakk og misunning. Uredd, stolt og ærleg kjempar An-Magritt for eit verdig liv, og er for mange blitt sjølve symbolet på kampen for rettferd og kjærleik. Henning Sommerros stemningsmetta og pulserande musikk følgjer tett på historia og gjer An-Magritt til noko så eineståande som ein heilnorsk og gripande musikal.

Pressa seier:

Glitrende An-Magritt…usedvanlig rent, vakkert og rystende – Aftenposten

Terningkast 5. Stort teater…Heidi Gjermundsen Broch [er] et kraftsentrum av de sjeldne. For ei dame! – VG

Storslagen…Gjermundsen strømmer over av energi – Dagsavisen

Sterk An-Magritt – NRK

Legg til ekstern kalender…