Den arabiske natta

Pressa seier:

“Den arabiske natta er et festfyrverkeri av en forestilling … I Jon Tombres oppsetning er det hele enkelt og klart, dypt alvorlig og vanvittig humoristisk” VG terningkast 6

“Magisk leilighet … en underlig tilfredstillende teaterkveld – en magisk sjanse til å oppleve noe helt annet.” Dagbladet terningkast 5

“Et ekte eventyr”
Dagsavisen – les heile krtikken her

Av Roland Schimmelpfennig
Regi: Jon Tombre
Visuelt konsept: Ingrid Tønder
Musikk: Morten Cranner
På scenen: Kaia Varjord, Iren Reppen, Thomas Bye, Morten Espeland og Svein Tindberg

I Den arabiske natta inviterer regissør Jon Tombre til ei eventyrstund for vaksne. Gradvis endrar det som i utgangspunktet ser ut som ein grå kvardag seg til å bli eit eventyr med referanser til austens mystikk. Blandinga av absurd humor, eventyr, film noir, thriller og mareritt har gjort Roland Schimmelpfennigs teatereventyr til ein hit over heile Europa.

I ei heilt vanleg høgblokk med heilt vanlege menneske blir grensa mellom draum og røyndom gradvis viska ut og daglege bekymringar byrjar å leve side om side med stormande kjærleiksscenar og sjalusimord. Folk kjem heim frå arbeid, lengtar etter ein kald dusj, eit kjærleiksmøte eller ei god natts søvn med vakre draumar. Men så står heisen, porttelefonen virkar ikkje og springvatnet er borte i dei øvste etasjane. Midt i den varme midtsommarkvelden blir alminnelege hendingar forvandla til ein skjebnesvanger erotisk leik og kvardagsslitarar blir til heltar ein trudde berre fanst i 1001 natt.

Roland Schimmelpfennig
Dramatikaren Roland Schimmelpfennig reiknast blant dei mest spennande og profilerte samtidsdramatikarane i Europa. Han starta sitt yrkesaktive liv som frilans journalist i Istanbul, og her fekk han ideen til manuset Den arabiske natta. I 1990 byrja han å studere regi ved Otto Falkenberg Schule, for deretter å bli ein del av München Kammerspiele. Sidan vart han engasjert som dramaturg og dramatikar ved Schaubühne. For tida er han tilsett som dramatikar ved Deutsches Schauspielhaus in Hamburg.

Jon Tombre
Jon Tombre er ein av få norske regissørar som har lukkast i å arbeide både innanfor og utanfor institusjonsteatra. Bakgrunnen sin har han frå mellom anna Jaques Lecoqs teaterskole i Paris og allereie i 1990 starta han ”Det Motsatte Prosjekt” som hadde som mål å fremje ny scenekunst. I 1991 kom han inn på Statens Teaterhøgskole si linje for regiutdanning og i 1998 blei han Norsk Kulturråds første scenekunstkonsulent. Tombre har iscenesett framsyningar ved Det Norske Teatret tidlegare, i tillegg til at han har vore engasjert ved fleire andre scener i landet.

Legg til ekstern kalender…