Richard II

- den veike kongen

“Stein Winge intensiverer og underliggjør “Richard II” i en oppsetning preget av teatralitet, disiplin og stort skuespilleri" skreiv Klassekampen da Richard II hadde premiere ved Det Norske Teatret for to år sidan. I haust blir det gjensyn med suksessframsyninga frå 2005. Framsyninga gjekk for fulle hus den gongen, og for hovudrolla som den veike og feminine kongen blei Ingunn Øyen heidra med norsk teaterliv sin Oscar-pris, nemleg Hedda-prisen.

William Shakespeares Richard II i Edvard Hoems omsetjing er ei fascinerande historie om ei plaga sjel. Kong Richard II er ein drømmar som er liten i dåd, men har er ingen tyrann og mordar som etterfølgjaren Richard III. Han er ingen einvis gamling som kong Lear, eller brutal og morderisk tronpretendent som Macbeth. Det spesielle ved Richard II er at makta så å seie smuldrar bort mellom hendene på han. Og ikkje nok med det: når det skjer, set han seg ikkje til motverje – han let det skje. Richard II abdiserer like mykje i tanken som i den verkelege verda. Han fell for eige grep i politikken, men framfor alt går han inn i eit eksistensielt og filosofisk tomrom, idet han stiller seg spørsmålet om kven han eigentleg er.

Legg til ekstern kalender…