Peter Pan

Pressa seier:

Poetisk presisjonsflyging…suveren teknikk…Fra det øyeblikk Peter Pan seiler inn i rommet, blir vi tent av det eventyrlige faktum at det finnes noen som løfter oss opp og ut over virkeligheten…Godt teater for hele familien (VG, terningkast 6)

Eventyrlig teaterfest…Alle teatrets ressurser er tatt i bruk og det er ikke spart på noe i en praktfull, fantasieggende og grensesprengende Peter Pan…Genialt! (Aftenposten)

Teatermagi…flygeteknikken er imponerende (Dagbladet)

En betagende og storslagen forestilling (Dagsavisen)

Tenk deg ei verd der barn kan fly! I haust kan du bli med Peter Pan og vennene hans til Aldrialdrilandet der kvar dag er eit nytt eventyr.

For første gong kjem Peter Pan no til Det Norske Teatret si Hovudscene i ei spektakulær framsyning for både store og små. Her finst det havfruer og indianarar, krokodiller og sjørøvarar, luftige svev og klirrande sverd, skyer av magisk tryllestøv og ein fe som heiter Tingeling. Men – vondskapsfulle Kaptein Krok og piratane hans er ute etter hemn og det er Peter Pan dei jaktar på…

Eventyret om Peter Pan av J.M. Barrie er for lengst blitt ein internasjonal klassikar både som bok, film, teater og musikal. Alle kjenner den fantastiske historia om den flygande guten som ikkje vil bli vaksen. Men bak eventyrets barnlege uskyld ligg det òg ei mørkare forteljing om lengt etter kjærleik, om einsemd og død, og om tida som var og som aldri kjem tilbake.

“Kanskje Peter Pan berre er ein gut som døydde ung, og dette er korleis forfattaren seinare såg for seg seg hans etterfølgande eventyr”. J M Barrie i programmet til ei oppføring av stykket i Paris i 1908.

Frank Kjosås speler Peter Pan, den fagre Wendy blir spelt av Ulrikke Hansen Døvigen og skurken Kaptein Krok blir gestalta av Svein Roger Karlsen. Regi er ved Teodor Janson og scenograf er Unni Walstad.

Flygesekvensane er designa av Paul Rubin Flygeutstyret er designa og levert av Hall Associates Flying Effects

Legg til ekstern kalender…