Samtidsfestivalen/Ultima: SHELTER

Shelter er eit verk i kryssingspunktet mellom konsert, teater og film av internasjonalt format. Framsyninga er produsert ved den kanskje mest prestisjetunge gjestespelscenen i verda, BAM, og er det største prosjektet det tyske nymusikkensemblet musikFabrik nokon gong har vore involvert i. I samspel med musikarane frå musikFabrik finn vi òg vår heimlege Trio Mediæval, vokalensemblet frå Oslo som har en brei internasjonal karriere.

Kva hender når eksterne makter går til åtak på våre kjenslemessige og fysiske tryggleik? Dette er spørsmålet Shelter undersøkjer ved hjelp av rytmisk og sanseleg musikk i vellukka samspel med videoprojeksjonar produsert av Bill Morrison og Laurie Olinder – begge tidlegare OBIE-prisvinnarar. Musikken er komponert av musikFabrik og er eit resultat av eit 3-årig samarbeid med komponistane Michael Gordon, David Lang og Julia Wolfe. Komponisttrioen, som er kjent for sine sjangeroverskridande konsertar og for samarbeidsprosjekt i store format, har denne gongen nærma seg arbeidet på eit meir intimt plan. Dei ønska sjølv å skrive eit verk til Trio Mediæval og henta inn librettisten Deborah Artman til denne produksjonen. Saman har dei skapt eit verk i kryssingspunktet mellom teater, konsert og film.

Gjestespel frå BAM Brooklyn Academy of Music og musikFabrik i nært samarbeid med The Ridge Theater. Framsyninga presenterast i Oslo i eit samarbeid mellom Det Norske Teatret, Samtidsfestivalen og Ultima – Oslo Contemporary Music Festival med støtte frå Norsk Filminstitutt.

Legg til ekstern kalender…