Få meg på, for faen

Da Olaug Nilssens gjennombrotsroman Få meg på, for faen kom i 2005, gjekk det eit gapskratt gjennom eit samla kritikarkorps. “Galopperende morsomt”, “forfriskende og hemningsløst om tenåringskåthet og opprør” og “ei blanding av musegrå norsk kvardag og fargesterk litterær posering” var noko av det ein kunne lese på trykk. No har Olaug Nilssen laga teaterversjon av sin eigen roman om eit jenteunivers som sitrar av erotiske spenningar og andre desperate lyster.

Maria, den eldste i ein søsterflokk på åtte, drøymer om å bli sett, og er reist til Bergen for å studere. Ho har tatt seg jobb som reinhaldar, og arbeidsrøynslene tar ho med seg inn i ei innbilt seminaroppgåve som utviklar seg til ei fantastisk historie. Alma drøymer om å bli tatt på, noko som utviklar seg til noko som byrjar å likne eit sosialt sjølvmord i den vesle, oversiktelege bygda Skoddeheimen. Kona til Sebjørn drøymer om å bryte med tilveret som heimeverande mor til åtte. Ho vil ut i livet, aller helst i arbeidslivet, og finn seg ei kampsak i den nedleggingstruga Skoddeheimen Nepeforedling AS. Gjennom fleire parallelle historier er Olaug Nilssens mangfaldige forteljargrep og direkte språk blitt ein frodig teaterleik.

Marit Moum Aune er regissøren som skal syte for at humoren, varmen og brodden som finnst i boka óg kjem til syne på scenen. I rolla som Maria som fantaserer om å komme på TV finn vi Pia Tjelta, Charlotte Frogner spelar Alma som mest av alt vil bli tatt på, og som Kona til Sebjørn som desperat vil kople seg på sjølve livet finn vi Marianne Krogh. Dei andre karakterane blir spela av Torbjørn Eriksen, Jon Eivind Gullord, Pål Sverre Valheim Hagen, Kaia Varjord og Nina Woxholtt.

Legg til ekstern kalender…