Døden i Teben

I vår presenterer Det Norske Teatret heile tre av Sofokles’ store meisterverk på ein kveld i ein samansmelta versjon av Jon Fosse: Kong Oidipus, Antigone og den ikkje fullt så kjende Oidipus i Kolonos. Dei to førstnemnde er mellom dei mest spelte og verdsette verka gjennom teaterhistoria. Sofokles skreiv dei som einskilde stykke i ulike tidsepokar i livet, likevel er temaet i stykka det same – ein mektig kongefamilies vekst og fall, fri vilje versus lagnad. Noregs store samtidsdramatikar er både respektfullt tru mot originaltekstane, samstundes meisterleg fri frå dei. Han skapar eit moderne eksistesielt drama – i harmoni med intensjonane til hans store dramatikarkollega frå 2500 år attende.

Regien er ved ungarske János Szász, han har tidlegare mellom anna gjort regien på Hair ved Det Norske Teatret. Kari Gravklev, som i fjor vart nominert til Heddaprisen for scenografien til Tvillingar, har skapt eit storslagent og skjebnetungt scenebilde. Musikken er ved den kritikarroste islandske musikaren Jóhann Jóhansson, han skaper stemningsfull elektronisk musikk i same landskap som britiske Boards of Canada.

Legg til ekstern kalender…