Yvonne

Prins Fillip, alle kvinners våte draum, trulovar seg med den uappetittlege Yvonne. Han vil gifte seg med henne både som ein artig spøk og fordi han kjenner seg provosert. Prinsen kjenner seg krenka og provosert av hennar sure togn og styggedom, hennar apatiske veremåte, hennar redsle og uappetittelegheit. Som eit fritt menneskje vil han ikkje underkaste seg den naturlege motvilja som den ubehagelege frøkna vekkjer i han. Kongen og dronninga godtek sonens truloving for ikkje å vere årsak til ei skandale. Men Yvonnes tagale nærvær ved hoffet blir ein trugsel gjennom dei kjensler ho vekkjer og dei sjelelege skavankane som blir avslørt hos hoffet sjølv. Det toppar seg når det viser seg at Yvonne er blitt forelska i prinsen. Å myrde henne synest å vere den einaste utvegen…

I Gombrowich si filosofiske og absurde tragikomedie frå 1935 blir også publikum konfrontert med sine eigne fordomar. Sjølv om det er lett å le av den fråstøytande, tause Yvonne og dei hendingar ho blir årsak til, sit latteren fast i halsen, og vi blir tvinga til å gå i oss sjølve.

Vi møter den ulukkelege Yvonne i Ingrid Bolsø Berdal si tolking, Torbjørn Eriksen speler den overflatiske prinsen. Bak regien står den unge finske regissøren Cilla Back, som for første gongen gjestar Noreg. Italienske Francesco Calcagnini har skapt ein kunstinstallasjonsaktig scenografisk løysing med knust glas og akvarium med pirayafisk.

Legg til ekstern kalender…