Mitt namn er Rachel Corrie

Mitt namn er Rachel Corrie er ei sterk skildring av korleis den idealistiske amerikanske ungjenta og aktivisten Rachel i 2003 enda opp med å ofre livet for sin kamp mot den israelske okkupasjonen palestinske område. Kaia Varjord står åleine på scenen som Rachel, Kjersti Horn debuterar som regissør med denne framsyninga.

Rachel er ei ung jente med vaknande sosialt samvit, kreativt sinn og livleg fantasi, som prøver å leve ut sine evner og sitt engasjement i ulike retningar. At ho hamnar i Palestina er meir eller mindre tilfeldig, men dei inntrykk og den overtyding som ho etter kvart gir uttrykk i korte e-postbrev heim, er langt frå tilfeldige. Dei er forma av sterke opplevingar og ein etter kvart moden refleksjon, prega av dei sterke inntrykk ho tek inn i den harde røynda ho opplever i Gaza. Dette er ingen balansert tekst om konflikten i Midtausten, det er meir eit fortvila skrik frå eit ungt følsamt sinn om rettferd og humanitet i ei vond og kaotisk verd.
Rachel Corrie døydde etter å ha blitt overkøyrd av ein israelsk bulldosar 16. mars 2003.

Sjå intervju med Rachel Corrie på Youtube . Opptaket er gjort to dagar før ho døydde.

Sjå video på Youtube , tale Rachel heldt i femte klasse

Stykket hadde urpremiere på Royal Court Theatre i London våren 2005 og førte til livleg diskusjon i media. Interessa for teksten har vore enorm, stykket vart teken opp at og spelt på nytt både på Royal Court Theatre og andre teater i Storbritannia for fulle hus. Foreldra blei redde for ei kommersiell utnytting og stansa ein periode vidare framføringar. Teksten er no frigjort og opphavsrettane går til eit solidaritetsfond.

Legg til ekstern kalender…