BAKSNAKK: Dokumentarteater

MITT NAMN ER RACHEL CORRIE: Dokumentarteater.

BAKSNAKK er ein serie populære treffpunkt i samband med sesongens premierar. Her inviterer vi publikum til fordjuping, diskusjon og kunstnarleg innsikt med spennande paneldeltakarar. Med utgangspunkt i framsyninga MITT NAMN ER RACHEL CORRIE spør vi:

Kva er forholdet mellom ”det verkelege” og ”det dramatiserte”?

Framsyninga MITT NAMN ER RACHEL CORRIE er eit døme på såkalla dokumentardrama. Vi undersøker kva rolle kunsten spelar når verkeleg liv blir sett i scene. Er researchbaserte teatertekstar og den dramatiske fortolkinga av det innsamla materialet ei utviding eller innsnevring av teaterteksten?

I panelet: Kjersti Horn, regissør på Mitt namn er Rachel Corrie i samtale med dramatikar og skodespelar Liv Heløe og regissør på Ønskekonsert på Nationaltheatret, Camilla Martens.

Både litteratur, film og biletkunst viser ei aukande interesse for den sosiale og politiske røynda rundt oss. Same tendens har vist seg i teatret dei seinaste åra. Stadig fleire framsyningar kjem på scenen på bakgrunn av research i ulike samfunnsmessige emne. Kva metode ligg bak innsamlinga av det materialet framsyningane er basert på? Kva er forholdet mellom “det verkelege” og “det dramatiske”? Kva utfordringar stiller det såkalla verkelegheitsteatret dramatikaren overfor, både estetisk og etisk? Kva grad av sanning siktar ein mot, kva verknad vil teatret oppnå og kan dramatikaren overhovudet gjere seg gjeldande i ein slik kontekst?

T I L B O D B I L L E T T A R
Ønskjer du å sjå MITT NAMN ER RACHEL CORRIE i samband med BAKSNAKK?

Du får du billettar til berre kr. 95,- (ord.pris kr 250,-) 25/1 kl. 20:00 eller 26/1 kl. 17:30. Booking på mail til [email protected]. Merk e-posten med BAKSNAKK og hugs å å oppgi namn, adresse, ønskja dato og tal på billettar. NB! Avgrensa tal på plassar._

Kaia Varjord speler rolla som Rachel Corrie

Legg til ekstern kalender…