BAKSNAKK: Er du villig til å risikere livet for noko du trur på?

MITT NAMN ER RACHEL CORRIE: Er du villig til å risikere livet for noko du trur på?

Rachel Corrie døydde, berre 23 år gamal, i eit forsøk på å forsvare ein palestinsk bustad i Gaza frå å bli riven av ein israelsk bulldosar.

Corrie var medlem av den solidaritetsrørsla International Solidarity Movement, som den dag i dag held fram med sitt passifistiske motstandsarbeid. Unge aktivistar frå Noreg og andre deler av verda drar stadig til utsette område for å kjempe for ei sak som ikkje direkte gjeld dei sjølv, men kanskje noko større. Journalistar, hjelpearbeidarar og leger er andre grupper som ofte er ute på risikofylte oppdrag i urolege hjørne av verda. Mens andre sit trygt heime i sofaen og følgjer konfliktane gjennom TV-skjermen, velgjer dei å gjere noko, stå midt i stormen, kanskje med livet som innsats. Kva er det som driv dei til å gjere noko så farleg? Kvifor tør dei? Er det verdt å døy for å forsvare noko ein trur på?

Regissør for framsyninga MITT NAMN ER RACHEL CORRIE , Kjersti Horn, vil baksnakke med to personar som sjølv har stått i midt i krigen fleire gongar. Åsne Seierstad er journalist og forfattar, og har mellom anna jobba som reporter under krigen i Kosovo, Irak og Afghanistan. Gudrun Bertiniussen arbeider til dagleg i Kirkens Nødhjelp, men var tidlegare Norsk Folkehjelp sin stadlige representant i Gaza. I denne tida møtte ho Rachel Corrie på forskjellige samankomster og arrangement.

T I L B O D B I L L E T T A R
Ønskjer du å sjå MITT NAMN ER RACHEL CORRIE
i samband med BAKSNAKK?

Du får du billettar til berre kr. 95,- (ord.pris kr 250,-) 1/2 kl. 20:00 eller 2/2 kl. 17:30. Booking på e-post til [email protected]. Merk e-posten med BAKSNAKK og hugs å ta med namn, adresse, ønska dato og tal på billettar. NB! Avgrensa tal på plassar.

På BAKSNAKK blir publikum invitert til diskusjon, tematisk fordjuping og kunstnarleg innsikt med sesongens premierar som utgangspunkt.
På Prøvesalen. Fri entré.

Legg til ekstern kalender…