Mørkets apostler - satanismen før LaVey of Church of Satan

Hakk i hæl på årets første Absalong slår vi til att, og vi tar vegen rett til kulturens skuggeside. Vi er så heldige å ha lokka til oss Per Faxneld, som er doktorgradsstudent ved Universitetet i Stockholm og forfattar av “Mörkrets apostlar: Satanism i äldre tid”, som vil halde eit foredrag om dette vidunderlege temaet. I tillegg kan vi by på vår første mini-konsert på Absalong. Denne gong med kanadiske Geoff Berner. Vi håper at du vil halde oss med selskap, og vere med Absalong på nok ein guida tur inn i ein gjerne ukjendt djevelsk avkrok, med flott musikk attåt.

Mange er kjendt med the The Church of Satan, den første opne sataniske organisasjonen, grunnlagt av Anton Szandor LaVey på 60-talet, men satanistar, djeveldyrkarar og Luciferianarar har vore aktive mykje lengre enn det. Og det var mange, kjendte og ukjendte karakterar som hadde eit ganske så alternativt og positivt syn på Satan og Mørkets Fyrste før LaVey si tid. Det er difor med stor glede at vi ser fram til Per Faxneld si gjennomgang av denne historia på førstkomande Absalong.

Her er historia om nokre av okkultismen og det alternatives mektigste navn i perioden sitt forhald til Satan – kva var eigentleg Aleister Crowley (óg kjendt som The Beast), Madamme Blavatsky og Rudolf Steiner sitt syn på Mørkets Fyrste? Korleis var dei inspirert av han? Kanskje særleg interessant for alle dykk som har gått på ein av dei mange Steinerskulane til Rudolf Steiner? Blant løyndomsfulle grupperinger møter vi mellom anna den tyske utbrytarordenen Fraternitas Saturnis som var aktiv i 1920-talets Berlin og som framleis har avleggjarar blant oss i dag. I tillegg kan vi by på soga om den polske forfattaren Przybyszewski, som hadde sterke band til kjendte norske kunstnarar, og den danske Ben Kadosh som påkalte Satan med bøttespann på hovudet og tresverd i handa.

Før foredraget vil Geoff Berner spele nokre låter frå sitt store og artige repertoar. Geoff Berner er i byen for å halde ein konsert, og vi følte at dette er ikkje noko vi kan la våre gjester gå glipp av, så vi inviterte han like greit til å kome til oss og varme opp for Faxneld før han går vidare til sin andre konsert den kvelden. Lydmessig kan musikken til Geoff Berner plasserast i same kategori som Kaisers’ Orchestra som han er gode venner med og som han turnerar med seinare i år. Han er tydeleg inspirert av både punk og tradisjonell jødisk klezmer, og har trollbundet sine tilhengjarar med tekster som “Maginot Line”, “Lucky Goddamn Jew” og “Whiskey Rabbi”. Han har nyleg annonsert at han vart bedt om å forfatte temasangen for Vinter OL i 2010, og har titulert sangen “Official 2010 Vancouver Whistler Olympic Games Theme Song (The Dead Children Were Worth It!)”. Denne skal verte tilgjengeleg på hans nettsider iløpet av februar, og som de sikkert skjønner så er han ein musikar som passar godt inn i vårt repertoar av det absurde, morbide og morosame på Absalong. Kom og få han til føle seg velkomen hjå oss.

Vi er garantert ein festleg og underhaldande kveld, som nok vil vere lærerik. I tillegg vil Absalongs vennlege DJar grave ned i sine arkiv og finne ekte djevelmusikk til vårt kjære publikum til langt ut på kvelden. Seansen finn som vanleg stad på Klar Bar, i andre etasje på Zachen, tysdag 19. februar. Vi opner dørene for apostler og anna publikum klokka 1900. For å bivåne det heile må ein helst vere av myndig aldar og avlevere ei offergåve på kroner 50 til vår dørvakt, i nokre tilfelle kan vi ta sjela di i pant.

Vel møtt!

Legg til ekstern kalender…