Klar Bar

Bar på Zachen


Dette har skjedd på Klar Bar…

Tirsdag 9. februar 2010

  • 19:00 Absalong: Kalis kvelarar, Klar Bar

    Den indiske kvelarsekta og dens endelikt Eit foredrag ved Jan Ingar Thon I fleire hundre år herja phansigarane, eller thugane om du vil, i det løynde i India. Det finnes ikkje tal på kor mange tusen menneske dei skal ha drept, før den britiske kolonimakta fekk has på dei. Vi skal altså til India i årets første Absalong, og til eit av dei mørkaste og mest besynderlege kapitla i moderne religionshistorie. Om du har sett Indiana Jones and the Temple of Doom vil du finne at den er overraskande nær …

Tirsdag 1. desember 2009

  • 19:00 Absalong: Gode vibrasjonar, Klar Bar

    Hysteriske kvinner, legestanden og vibratoren Eit opplysande foredrag ved Kristian A. Bjørkelo Frå antikken til i dag har vi hatt eit uløyst problem: Å temme kvinna. I eldre tid rekna ein livmora som opphavet til kvinneleg ustyrlegheit, eller hysteri. Hippokrates meinte at nevrosar og galskap hos kvinna kom av at livmora hadde tørka inn som følge av mangel på seksuell omgang. Den innskrumpa livmora løsna og vandra rundt i kroppen og pressa på hjartet og lungene, der ho skapa pusteproblem og …

Tirsdag 20. oktober 2009

  • 19:00 Absalong: Sex mot og med Gud – Korleis sex gjev deg evig frelse eller evig pinsle, Klar Bar

    Eit foredrag om sex og religion ved Dag Øistein Endsjø I eit hemningslaust forsøk på å vere tabloide gjev Absalong publikum det publikum vil ha: SEX! Vi menneske er grusomt opptatt av sex – det å ha sex, og det å ikkje ha sex. Og kva sex vi skal ha, og kva sex vi ikkje skal ha. Dette er særleg viktig i eit religiøst perspektiv, då våre ulike guddommar har særs ulike syn på dette. Det kan difor vere vanskeleg å halde rede på kva tid du gjer noko feil, eller kva tid du ikkje har gjort det rett, og …

Tirsdag 25. august 2009

  • 19:00 Femten mann på død manns kiste …, Klar Bar

    — Splitte mine bramsegl! Vi sparkar i gang haustsemesteret med kruttrøyk, kanonkuler og kjølhaling! Vi snakkar ekte maritim action med alle verdas mest berykta piratar; sjørøvarane som herja Karibien i dei gode gamle dagar. Frå Svartskjegg til Calico Jack, frå Anne Bonny til Mary Read, desse morderiske plyndrarane terroriserte heile flåter og skremte buksa av admiralar og monarkar. I film og litteratur er dei både skurkar og heltar, framstilt som skitne drapsmenn og grasiøse sverdsvingarar i …

Tirsdag 12. mai 2009

  • 19:00 Absalong: Vår farlegaste oppfinning? Glimt frå rasetenkjinga si forunderlege historie, Klar Bar

    Jul og påske er gått sidan førre Absalong, og for å vege opp for vår lange ferie føler vi oss tvungen til å slå litt hardare på stortromma når vi først sett i gang. Vi kastar oss ned i djupet av det mest grumsete vi har av moderne idèhistorie: Rasismen! Nærare bestemt utforskar vi på komande foredrag på Absalong rasetenkjinga og raseforskinga si merkelege historie og konsekvensane av den. Ved hjelp av dr. art. Torgeir Skorgen frå Universitetet i Bergen skal vi følgje Vestens tankar om sin eigen …

Mandag 15. september 2008

  • 19:00 ABSALONG: H.P. Lovecraft – Hans liv, verk og disiplar, Klar Bar

    Absalong vender attende til ein av det 20. århundrets viktigaste litterære skikkelsar og våre inspirasjonskjelder; Howard Phillips Lovecraft (1890-1937). Av eit aukande antal ekspertar vert Lovecraft rekna som det 20. århundrets viktigste skrekkforfattar, og blant dei viktigste litterære framtoningane i det førre århundret. Innflytinga han har hatt på populærkulturen er enorm i forhald til merksemda han fekk både før og etter sin død. Eit bibliotek av skrekkfilmar og musikk er basert på …

Lørdag 29. mars 2008

  • 14:00 KIRSTI HUKE QUARTET, Klar Bar

    Vigleik jazzer Steinar basser Erik gynger Kirsti synger Kirsti Huke har de senere år gjort seg bemerket som en glimrende swing og bebop-vokalist. Hun tolker låter fra 50- og 60-tallet, men går også løs på vår tids populærmusikk. Kirsti Huke er utdannet ved jazzlinjen ved Musikkonservatoriet i Trondheim. Hun jobber med improvisasjon innenfor mange ulike genre, fra elektronica og rock til jazzens standardrepertoar. Med seg i sin kvartett har hun to tidligere vinnere av Spellemannprisen; Vigleik …

Tirsdag 19. februar 2008

  • 19:00 Mørkets apostler – satanismen før LaVey of Church of Satan, Klar Bar

    Hakk i hæl på årets første Absalong slår vi til att, og vi tar vegen rett til kulturens skuggeside. Vi er så heldige å ha lokka til oss Per Faxneld, som er doktorgradsstudent ved Universitetet i Stockholm og forfattar av “Mörkrets apostlar: Satanism i äldre tid”, som vil halde eit foredrag om dette vidunderlege temaet. I tillegg kan vi by på vår første mini-konsert på Absalong. Denne gong med kanadiske Geoff Berner. Vi håper at du vil halde oss med selskap, og vere med Absalong på nok ein guida …

Mandag 10. september 2007

  • 19:30 RV valgvake, Klar Bar

    Her er teksten på RVs sider: “Invitasjon til valgvake i Bergen. Hordaland RV inviterer til valgvake på Klar Bar på Zachariasbryggen i Bergen mandag 10. September kl 1930. Noen vil kanskje lure på hvorfor vi har valgt et så utradisjonelt sted å holde valgvake.Det er gangske enkelt fordi vi ønsker at et offisielt RV arrangement skal holdes på et sted der de ansatte har noe så grunnleggende som en tariffavtale. De har 2 50 tommers tv’er som vi kan følge valgsendingen på. Vi håper at så mange som …

Tirsdag 28. august 2007

  • 19:00 HP Lovecraft – Call of Cthulhu & Chilean Gothic, Klar Bar

    Absalong inviterar til ein foredrag og filmkveld dedikert til H.P. Lovecraft, den moderne skrekkens gudfar. Howard Phillips Lovecraft er ein av det 20. århundrets mest undervurderte forfattarar, og han har over tid gått frå å vere ukjendt i si eiga levetid til eit av populærkulturens store ikon

Lørdag 3. mars 2007