Tolvskillingsoperaen

Det er i år 80 år sidan Bertolt Brecht og Kurt Weills klassiske musikkteater vart sett opp første gongen i Berlin. Likevel ligg handlinga skremmande nær dagens røyndom i ein moderne storby som til dømes Oslo. Her oppfører skurkar og småkriminelle seg som besteborgarar, tigging og prostitusjon er organisert som respektable borgarlege næringsvegar. Dette skal sjølvsagt få oss til å dra den samfunnskritiske konklusjonen at det borgarleg respektable eigentleg er det kriminelle. Eller sagt meir direkte, som i ein av dei mange kjende songane frå framsyninga, ”… at først kjem mat og sidan kjem moral”.

Tolvskillingsoperaen er eigentleg eit lån frå den 200 år gamle engelske komedien The Beggars Opera av John Gay (1728). Brecht og Weill fekk sitt store gjennombrot med denne musikalen, og dei blei begge kjende verda over. Songane frå Tolvskillingsoperaen har levd sitt eige liv i mange tiår på repertoaret til kjende artistar innan mange sjangrar, til dømes jazzlegendene Louis Armstrong, Ella Fitzgerald og Nina Simone. – Tenk berre på songar som ”Mackie Kniven”, Kanonsongen, Sjørøvar-Jenny, Hallikballaden osv. Det Norske Teatret stiller med sitt beste kvinn- og mannskap i denne jubileumsoppsetjinga og den saftige omsetjinga til Halldis Moren Vesaas er like slitesterk som sjølve stykket.

Følg produksjonen på Tolvskillingsoperaens BLOGG

Georg Malvius står for regien, han har tidlegare gjesta Det Norske Teatret med Elvira Madigan og Sweeney Todd. Scenografien er det Ellen Cairns som står for. Igor Barberic har koreografien. I rolla som Mackie Kniven finn vi Paul-Ottar Haga, Heidi Gjermundsen Broch skal spele Polly, Herr Peachum blir spelt av Sverre Bentzen, Fru Peachum av Marit Kolbræk og Politimeister Brown av Sverre Solberg.

Legg til ekstern kalender…