Nye framsyningar: Få meg på, for faen

Da Olaug Nilssens gjennombrotsroman Få meg på, for faen kom i 2005, gjekk det eit gapskratt gjennom eit samla kritikarkorps. “Galopperende morsomt”, “forfriskende og hemningsløst om tenåringskåthet og opprør” og “ei blanding av musegrå norsk kvardag og fargesterk litterær posering” var noko av det ein kunne lese på trykk. No har Olaug Nilssen laga teaterversjon av sin eigen roman der ho tek oss med til eit jenteunivers som sitrar av erotiske spenningar og andre desperate lyster. Framsyninga har fått like god mottaking som boka, så frå 20. mai blir det nye moglegheiter for ein tur til Skoddeheimen.

Marit Moum Aune er regissøren som skal syte for at humoren, varmen og brodden som finnst i boka òg kjem til syne på scenen. I rolla som Maria som fantaserer om å komme på TV finn vi Pia Tjelta, Charlotte Frogner speler Alma som mest av alt vil bli tatt på. Som Kona til Sebjørn, ho som desperat vil kople seg på sjølve livet, finn vi Marianne Krogh. Dei andre karakterane blir spelt av Torbjørn Eriksen, Jon Eivind Gullord, Pål Sverre Valheim Hagen, Kaia Varjord og Nina Woxholtt.

Legg til ekstern kalender…